Finnøy SFO - Sprell!
mandag 13. april 2020
lørdag 11. april 2020
onsdag 8. april 2020
mandag 6. april 2020
Nyfødte kalvar
Lena tar oss med på endå ein tur i fjoset. Her møter me tre kalvar og får sjå mens den eine får melk frå flaske. For nokre nydelege skapningar! 😊
søndag 5. april 2020
Kva vil flyte og kva vil synke?
I dag har me utforska litt med bretta papir i vatn. Me har også undersøkt kva for ting som flyt og kva som ikkje gjer det. På slutten av filmen utfordrar Nemi Kayla til å gjere noko småsprøtt. 😊
lørdag 4. april 2020
torsdag 2. april 2020
Hoppe paradis
Det er morosamt å hoppe paradis. 😀 Du kan teikne opp på bakken med kritt, eller du kan risse opp paradiset i sand eller grus ved hjelp av ein stein eller pinne. Hugs å halde avstand dersom du skal hoppe saman med nokon. 😊
tirsdag 31. mars 2020
Fantastisk morgon hjå Helga og sauene hennar
I dag fekk me vere med Helga å mate sauene. Det var utruleg koseleg! Tusen takk, Helga! Me kjem gjerne tilbake når det kjem fleire lam! 😊
mandag 30. mars 2020
Prosjekt balansefugl
Då har me kome nokså nær det me tenkte. Ikkje perfekt, men godt nok. 😊 Dersom du har laga ein balansefugl sjølv, kan du sende bilete til ace@stavanger.kommune.no
I morgon er planen å bli med Helga i fjoset og filme litt mens ho mater sauene. Følg med! 😊
I morgon er planen å bli med Helga i fjoset og filme litt mens ho mater sauene. Følg med! 😊
lørdag 28. mars 2020
fredag 27. mars 2020
Herleg vær, frisk luft og helg 😊
Då var ennå ei veke over. Det er utruleg kor fort dagane går, til tross for at me er så mykje heime.
Håper de har det greit, at skulearbeidet går fint og at de får dykk litt frisk luft kvar dag.
I menyen til høgre har me lagt ut linkar til ulike formingsaktivitetar, eksperiment og andre aktivitetar. Det vil komme meir etter kvart.
torsdag 26. mars 2020
Morosam teikneaktivitet
Dersom du har lyst å vere litt kreativ, kan du teikne saman med nokon i familien.
Person nummer 1 teiknar hovudet på eit dyr. Det er viktig at person nummer 2 ikkje får se teikninga. Arket brettes, så kun strekane til halsen visar:
Person nummer 2 teiknar kroppen til det dyret som han eller ho trur at person nummer 1 har teikna hovudet til.
Resultatet kan bli veldig morosamt!
Dersom du likar nokon av teikningane de har laga spesielt godt, kan du fargelegge dei. Send gjerne bilete til oss på: ace@stavanger.kommune.no
Person nummer 1 teiknar hovudet på eit dyr. Det er viktig at person nummer 2 ikkje får se teikninga. Arket brettes, så kun strekane til halsen visar:
Resultatet kan bli veldig morosamt!
Dersom du likar nokon av teikningane de har laga spesielt godt, kan du fargelegge dei. Send gjerne bilete til oss på: ace@stavanger.kommune.no
Balansefugl utan balanse
Så langt kom me i dag. Det er i alle fall ein start. 😊 Denne fuglen har ingen balanse ennå, så det blir neste utfordring. Me treng å gjere han tyngre framme på vingene og sjå om me kan finne balansepunktet. Har nokon av dykk prøvd å lage ein balansefugl? Send gjerne bilete til ace@stavanger.kommune.no
Gele-kuler og balansefugl
Hei, alle!
Då har gele-kulene blitt store og glatte! Når me knusar dei, ser dei nesten ut som snø.
Me skal forsøke å lage vår eigen balansefugl, og dersom du vil vere med, kan du sende bilete av det du lagar på epost til ace@stavanger.kommune.no. Eg vil legge bileta ut på bloggen vår. Lukke til! :)

onsdag 25. mars 2020
Gele-kuler
Eit lite eksperiment gjennom dagen. Nemi er ikkje like interessert, men eg er nysgjerrig på kor store desse kan bli!
Trylling - Nemi mot Ayna Camilla
I dag har Nemi og eg trylla litt. Me er ikkje heilt einige om kven som er flinkast.. Det kan nok diskuterast. Men eg vil nå påstå at Nemi er mest slu! 😊
tirsdag 24. mars 2020
Sprell frå Sfo!
I desse isolasjonstider saknar me alle dei flotte barna som går på Sfo hjå oss! Difor vil me laga ein blogg der me kan få spre litt glede og nysgjerrigheit i tida framover. Kom gjerne med tilbakemeldinger og forslag til kva de ønsker å sjå her. Ha ein nydeleg dag, alle saman! 😀
Abonner på:
Kommentarer (Atom)